Riu Ripoll
Ripoll er ei elv i comarca Vallès Occidental i Catalonia i Spania. Ho dekkjer det meste av fylket og kryssar det frå nord til sør, før ho munnar ut i Besòs, nær Barcelona.
Ripoll | |||
elv | |||
Land | ![]() | ||
---|---|---|---|
Lengd | 39,5 km | ||
Kjelde | Serra de Granera | ||
- høgd | 640 moh. | ||
Munning | Besòs | ||
- høgd | 35 moh. | ||
![]() Riu Ripoll | |||
Wikimedia Commons: Ripoll River | |||
Geografi Endra
Elva spring ut i Serra de Granera 640 meter over havet, og munnar ut i Besòs i Montcada i Reixac, 35,5 meter over havet. Ho er 39,5 km lang.[1] Ho renn gjennom kommunane Sant Llorenç Savall, Castellar del Vallès, Sabadell, Barberà del Vallès, Ripollet og Montcada i Reixac. Det meste av elva renn over leire som lett vert erodert, så elva har grove seg djup ned i jordsmonnet.
Historie Endra
Gjennom historia har elva vorte nytta av innbyggjarane i det omliggande området til vatning sidan minst midten av 900-talet, då prestar frå Sant Llorenç bygde eit vatningssystem som framleis er i bruk i dag. Dette gjev vatn til frukthagar og kornmøller langs elva.
Etter kvart som området vart modernisert vart dei fleste møllene bygd om for å produsere papir, men denne industrien har ikkje vore ei dominerande næring langs elva sidan 1700-talet.
På 1800-talet vart dei fleste møllene bygd om igjen for å nyttast innan tekstilproduksjon. Dette varte til seint på 1900-talet. På grunn av fargestoff og kjemikaliar nytta i tekstilindustrien, vart vatnet i elva kraftig forureina.
I nyare tid er dei fleste tekstilfabrikkane nedlagde og vasskvaliteten har betra seg.
Flaum Endra
I 1962 vart Vallès Occidental råka av kraftig flaum etter ein lengre periode med nedbør. Fattige emigrantar frå Sør-Spania hadde slått seg ned ved elva og vart særleg hardt råka.[2]
Bakgrunnsstoff Endra
Kjelder Endra
- Denne artikkelen bygger på «Ripoll River» frå Wikipedia på engelsk, den 28. april 2009.
- Wikipedia på engelsk oppgav desse kjeldene:
- ↑ Lengd, arkivert frå originalen 31. august 2006, henta 28. april 2009
- ↑ Nettside med bilete og informasjon om flaumen i 1962: [1] Arkivert 2007-07-26 ved Wayback Machine., [2] Arkivert 2007-02-24 ved Wayback Machine., [3] Arkivert 2007-09-27 ved Wayback Machine.