Cole i West Midlands

(Omdirigert frå River Cole i West Midlands)

Cole er ei elv i grevskapet West Midlands i England. Ho har utspringet sitt mellom stadene Wythall, Weatheroak, Inkford og Portway, sør for Birmingham. Elva renn så gjennom Birmingham, og forbi Coleshill som ho har gjeve namn til. Nær Ladywalk naturreservat renn ho inn i Blythe, rett før Blythe så renn inn i Tame. Cole er omkring 43 kilometer lang.

Cole
elv
Elva i Coleshill
Land  England
Grevskap West Midlands
Lengd 43 km
Kjelde
 - stad Kings Norton
Munning Blythe
 - stad Ladywalk
 - koordinatar 52°31′5″N 1°41′20″W / 52.51806°N 1.68889°W / 52.51806; -1.68889
Kart
Cole i West Midlands
52°27′23″N 1°50′58″W / 52.456388888889°N 1.8494444444444°W / 52.456388888889; -1.8494444444444
Wikimedia Commons: River Cole, West Midlands

Sarehole Mill, ein vassmølle som no er innreidd som museum, ligg ved Cole. Mølla var ei inspirasjonskjelde for J.R.R. Tolkien då ho skreiv Ringenes herre.

Fordi Cole har ein tendens til å fløyme over i periodar med mykje nedbør har Babbs Mill Lake vorte anlagt for å kontrollere vasstanden.

Kjelder

endre