Ringdrotten

(Omdirigert frå Ringenes herre)

Ringdrotten, på engelsk originalspråk The Lord of the Rings, omsett til bokmål som Ringenes herre, er eit episk verk i sjangeren fantastisk litteratur, forfatta av J.R.R. Tolkien. Boka er ein oppfylgjar til det tidlegare verket hans, Hobbiten og byggjer på bakgrunnsinformasjon frå The Silmarillion (Silmarillion).

Ringdrotten
The Lord of the Rings

Forfattar(ar)J.R.R. Tolkien
Språkengelsk
Sjangerfantasy, episk fantasy, eventyrfiksjon
Utgjeven1954
ForlagGeorge Allen & Unwin

The Lord of the Rings byrja med Tolkien si utforsking av filologi, eventyr, i tillegg til keltisk og nordisk mytologi.

Handling endre

 
Ei framstilling av «den eine ringen».

Historia er eit framhald av Hobbiten. Hobbitane vert dregne inn i store hendingar som trugar heile verda etter kvart som den vonde ringdrotten Sauron prøver å få tilbake herskarringen sin som vil attopprette den fulle styrken hans.

Handlinga i verket går føre seg i Middle-earth, J.R.R. Tolkien sitt oppdikta kontinent, omsett til norsk som Midgard.

Utgjevingar endre

Verket er samansett av seks «bøker». Tolkien ville opphavleg gjeva ut heile verket i eitt band, men papirmangelen i etterkrigstida utelukka dette. I staden vart historia delt opp i tre band: Ringens brorlag (The Fellowship of the Ring, på bokmål Ringens brorskap, inneheld bok I og II), Dei to tårna (The Two Towers, bokmål To tårn, inneheld bok III og IV), og Kongens atterkome (The Return of the King, bokmål Atter en Konge, inneheld bok V og VI, samt seks tillegg og fire oversikter). Dei siste utgåvene er gjennomgått tekstkritisk, og der er det retta opp ein del redaksjonelle feil som var komne med i tidlegare utgåver. Attåt finst det òg to ekstra stamtavler for figurane i forteljinga og mytologien bak.

Fordi forteljinga er delt inn i tre bøker, vert ofte Ringdrotten omtala som ein trilogi. Dette stemmer ikkje heilt, ettersom historia var skriven og tenkt på som éi bok, og dei tre delane ikkje kan lesast uavhengig av kvarandre. Tolkien hadde heile tida lyst til å gje det ut som éi bok, men forlaget meinte den ville verte for vanskeleg å selje. Dermed måtte ho delast opp i tre og få passande titlar.

Det er også laga tre filmar av boka, der kvar film tilsvarar eit band. Filmane er regisserte av Peter Jackson.

Norske omsetjingar endre

Ringdrotten vart utgjeven på engelsk frå 1954 til 1955 og er omsett til norsk tre gonger. Første gongen til riksmålKrigen om Ringen – frå 1971 til 1973, av Nils Werenskjold (titlane på dei tre delbøkene her var De Sorte Rytterne, De To Tårnene og Kongen kommer tilbake). Boka vart omsett for andre gong til bokmål – Ringenes Herre – av Torstein Bugge Høverstad frå 1980 til 1981. I 2006 vart boka omsett til nynorsk – Ringdrotten – av Eilev Groven Myhren og utgjeven på Tiden Norsk Forlag i desember same året.

I den nynorske omsetjinga nyttar Myhren spennviddene i det nynorske målet for å illustrere spennet i den verda bøkene har henta handlinga frå. Boka er skriven i moderne nynorsk ut frå eit klassisk språkideal. Alvane talar landsmål etter Aasen si norm, slik vi finn han i Norsk Grammatik. Midlandsnormalen er nytta som kongemål, entane talar etter rettskrivinga av 1917, medan dvergane talar etter læreboknormalen av 1959. I tillegg lèt omsetjaren hobbitane, som er hovudpersonar i handlinga, tale meir eller mindre hallingmål, medan orkane talar eit blandingsmål som i somt peikar mot nynorsk og i somt mot vikamål.

Hovudfigurar endre

Hobbitar:

Trollmenn:

Dvergar:

Alvar:

Menneske:

Sjå òg endre

Kjelder endre