Koordinatar: 54°4′30″ N 3°10′32″ W Roa Island er ei øy om lag 1 km sør for landsbyen Rampside utanfor sørenden av Furnesshalvøya i Cumbria i England. Ho er ei av Furnessøyane heilt nord i Englnad og har ein storleik på kring 3 hektar. Roa Island ligg inn under kommunen Barrow-in-Furness og har kring 100 innbyggjarar. Dette gjer ho til den 16. mest folkerike øya i England.

I 1847 vart det bygd ei vegfylling frå fastlandet til øya, slik at det vart mogeleg å ta seg tørrskodd over til øya. Samstundes vart det bygd ein kai som tok imot dampskip som segla til Fleetwood. Kaien vart knytt til Furness-banen til Kirkby via Furness kloster og nytta vegfyllinga.

BileteEndra

BakgrunnsstoffEndra

KjelderEndra