Furness (uttalt ˈfɜːrnəs) er ei halvøy og ein region i Cumbria i nordvestlege England. Saman med Cartmel-halvøya danna ho North Lonsdale, ein historisk eksklave av grevskapet Lancashire.

Kart over Furness og noverande administrative område.
Furness Fells i Furness-regionen.

Furnesshalvøya er også kjend som Low Furness, og huser landsbyar, jordbruksland og lågtliggande heier. Ytst på halvøya ligg industribyen Barrow, eller Barrow-in-Furness.

Vest for halvøya ligg estuaret til River Duddon og i aust ligg River Leven og Morecambe Bay. Den større regionen Furness omfatta halvøya og eit område kjend som High Furness, ein høvesvis fjellendt og grisgrendt del av England. Dette området strekkjer seg inn i landet til Lake District, og omfattar Furness Fells.[1] Innlandsgrensa til regionen blir danna av elvene Leven, Brathay og Duddon og innsjøen Windermere. Like sør for halvøya ligg den atten kilometer lange Walney Island og fleire andre mindre øyer.

Kjelder endre

  1. «Furness area». Furness Family History Society.