Roald Øyen

Roald Øyen (fødd 12. september 1940) er ein norsk programleiar og tv-personlegdom på NRK.

Roald Øyen
Fødd 12. september 1940 (80 år)
Yrke programleiar, TV-produsent

Johnny Bergh henta Øyen til NRK i 1961 som innspelingsleiar.[1] Han byrja som programleiar i quiz-serien Bit for bit, bilde for bilde i 1977, eit program som gjekk til tidleg på 1980-talet. Sidan 1984 har han vore programleiar for det årlege konkurranseprogrammet Påskenøtter, og frå 1992 Julenøtter. I 2011 overtok Øystein Bache og Rune Gokstad programleiarrollen.

I desember 2011, eitt år etter siste framferd i NRKs Julenøtter, medverka Øyen med ein gjesteopptreden i Resen Til Nøttestjernen, ein serie TV-quiz på nett av Bergen Student-TV og Bergens Tidende. Programleiarane i serien, Terje Boklund og Eirik Evjen Valestrand, enda opp hos Roald Øyen i siste episode, der Øyen presenterte siste spørsmål i serien.[2][3][4]

Øyen byrja i NRK på midten av sekstitallet der han vart programsekretær i fjernsynete barne- og ungdomsavdeling. Han har òg jobba bak kameraet på program som På direkten (1965), Rundkast om kringkasting (1976) og Den spanske flue (1990).

Øyen vart i 2010 tildelt Kongens fortenestemedalje i sølv.

Øyen er elles kjend som ein flyentusiast og er medlem av Oslo Flyveklubb.

Han har vore gift med VG-journalist Nina Bugge (fødd Hjorth) sidan 1968.[5]

KjelderEndra

  1. «Disse overtar Øyens nøtter»(VG 2. januar 2011, besøkt 3. april 2015)
  2. «Reisen til Nøttestjernen: Episode 4», Bergen Student-TVs Julenøtter 2011, henta 7. juli 2019 
  3. http://www.bt.no/tv/Episode-4-Reisen-til-nttestjernen-2627501.html?paging=1&section=tv_julekalender
  4. «Storsatsing på julenøtter». Arkivert frå originalen 2012-05-16. Henta 19. desember 2011. 
  5. «Finner lykken igjen». Arkivert frå originalen 2009-04-09. Henta 15. august 2009.