Roanne
Styresmakter
Land
Region
Departement
Frankrike
Auvergne-Rhône-Alpes
Loire
Geografi
Flatevidd
 - By

16,12 km²
Innbyggjarar
 - By (1999)
   - folketettleik

38 896
  2 413/km²
Koordinatar 46°02′″N 04°04′″EKoordinatar: 46°02′″N 04°04′″E
Høgd over havet 279 m
Tidssone CET (UTC+1)
Diverse anna
Postnummer 42300
Heimeside: www.mairie-roanne.fr

Roanne er ein by og kommune aust i sentrale delar av Frankrike. Han er sous-préfecture (underprefektur) i departementet Loire i regionen Auvergne-Rhône-Alpes, og har om lag 40 000 innbyggjarar. Byen ligg om lag 90 km nordvest for Lyon ved elva Loire.

ØkonomiEndra

Roanne er kjend for gastronomi, tekstilar, jordbruk og for produksjon av stridsvogner.

HistorieEndra

Namnet har keltisk opphav, Rod-Onna («rennande vatn»), som vart Rodumna, så Rouhanne og Roanne. Byen låg ved eit strategisk punkt ved Loire, nedanfor dei smale gjela ho renn gjennom. På 1100-talet kom byen inn under comte du Forez og byen byrja å utvikle seg. Ein veg over land førte til Lyon og elva Rhône, og Roanne vart så ein omlastingsstad mellom Paris og Middelhavet i tida då vassvegane var viktige transportårer. Halvparten av innbyggjarane i byen var avhengige av denne elvetransporten på 1600- og 1700-talet.

Roanne vart ein av dei første byane som fekk jernbane, og han opna 15. mars 1833. Vidare vart kanalen mellom Roanne og Digoin opna i 1838, og byen vart ein av dei leiande byane i den franske industrielle revolusjonen.

I 1917 vart det oppretta eit arsenal i Roanne, og frå 1940 vart ny industri utvikla, som produserte rayon (kunstfiber) og andre nye fibrar. Då industriverksemda vart fasa ut på 1970-talet sleit byen med å finne ny industri og trekke til seg turisme.