Roar Hagen (fødd 15. april 1954 i ØrstaSunnmøre) er ein norsk avisteiknar og illustratør.

Roar Hagen
Statsborgarskap Noreg
Fødd 15. april 1954 (69 år)
Ørsta
Yrke illustratør, avistegner
Born Pål Sverre Hagen

Han har utdanning som grafisk formgivar. Han starta som avisteiknar i Sunnmørsposten i 1975. I åra 1978 til 1986 var han i Stavanger Aftenblad. Frå 1986 har Roar Hagen vore avisteiknar i VG. Frå 1989 har han vore tilslutta Cartoonists & Writers Syndicate i New York, som formidlar teikningar til rundt 200 aviser og magasin over hele verda. Han har hatt teikningar i mellom anna Die Zeit, International Herald Tribune, Der Spiegel, Newsweek og Time Magazine.[1]

Han har gjeve ut bøkene (Ikke bare) djevelstreker og Den norske fortellingen, sistnemnde eit utval av teikningar med kommentarar frå dei siste 40 åra.[2] Saman med Arill Riise har han gjeve ut Livet på Sunnmøre blant bona og dæmmagutta (1998) og Sild og Grandiosa (2006).

Roar Hagen er far til skodespelaren Pål Sverre Valheim Hagen.

Prisar og utmerkingar endre

  • 1997, 2007 og 2015: Årets avistegning
  • 2004: International Caricatura Politica Award, Forte dei Marmi Italia[3]

Verkliste endre

  • 2003: (Ikke bare) djevelstreker, Schibsted
  • 2016: Den norske fortellingen: Fire tiår slik en tegner ser det Vigmostad og Bjørke, 2016 ISBN 9788251687256

Kjelder endre

  1. NRK (4. november 2016), «Anmeldelse av «Den norske fortellingen» av Roar Hagen», NRK (på norsk bokmål), henta 12. februar 2019 
  2. Z. Ibsen, Alexander (26. oktober 2016). «Norsk karikaturreise - Minerva». Minerva (på norsk bokmål). Arkivert frå originalen 13. februar 2019. Henta 3. november 2016. 
  3. «Roar Hagen - Allkunne», www.allkunne.no (på norsk), henta 12. februar 2019 
  • Knut Olav Åmås [red.]: «Hagen, Roar» i Hvem er hvem? (Aschehoug, 2008)