Robbie Kondor
Robbie Kondor er ein USA-amerikansk komponist, studiomusikar og arrangør. Han har arbeid som komponist på The Significant Other, Ball In The House, Sally Jessy Raphael, Happiness (1998), The Suburbans (1999), Forever Fabulous (1999), Drawing Angel (2001), Series 7: The Contenders (2001), Home Delivery (2004) og Equality U (2008). Han har arbeidd som produsent for The Sum of All Fears (2002), og som arrangør på Beaches (1988).
Robbie Kondor | |||
Opphav | USA | ||
---|---|---|---|
Verka som | komponist | ||
Prisar | Emmy-prisen |
Han har spelt klaverinstrument og vore arrangør på album av Eric Clapton, Aretha Franklin, Barbra Streisand, Billy Joel, Whitney Houston, Bee Gees og fleire andre.
Han var bandleiar og annonsør for Hot Properties i 1985, og deltok i husbandet på dei fem TV-sendingane Pavarotti and Friends frå 1998 til 2002. Han var vikar for Paul Shaffer på Late Show with David Letterman i to episodar i 1994 og 2003.
I 2010 var Kondor med Troubadour Reunion Tour i lag med James Taylor og Carole King.
Kjelder
endre- Denne artikkelen bygger på «Robbie Kondor» frå Wikipedia på engelsk, den 26. mai 2022.
- Wikipedia på engelsk oppgav desse kjeldene: