Opna hovudmenyen

Paul Allen Wood Shaffer (fødd 28. november 1949) er ein kanadisk-amerikansk songar, skodespelar, stemmeskodespelar, forfattar, komikar og multi-instrumentalist som er mest kjend som bandleiar og sidekick for David Letterman under både Late Night with David Letterman (1982–1993) og Late Show with David Letterman (1993–2015).

Paul Shaffer
Paul Shaffer 1992 crop.jpg
Fødd28. november 1949 (69 år)
FødestadThunder Bay i Ontario
FødenamnPaul Allen Wood Shaffer
OpphavCanada
Aktiv1972–2015
SjangerRock, poprock, jazz
InstrumentKlaverinstrument
Kjende instrumentHammond B-3 (Leslie 145), Kurzweil K250, Roland Fantom-X7, Oberheim OB-Xa, Minimoog Voyager, Kurzweil K2000 v3, Roland JD-800, Baldwin Grand piano
Tilknytte artistarCBS Orchestra, The World's Most Dangerous Band
Verka somSongar, multi-instrumentalist, skodespelar, komikar, forfattar
Prisarmedlem av Order of Canada, Canada’s Walk of Fame

Shaffer byrja karrieren sin i 1972 då Stephen Schwartz inviterte han til å vere musikalsk leiar for Toronto-produksjonen av Godspell. Han spelte så piano for Schwartz-showet på Broadway, The Magic Show i 1974, og vart så medlem av husbandet til Saturday Night Live (SNL) frå 1975 til 1980. Shaffer deltok òg ofte i sketsjane i showet.

Shaffer har òg spelt med mange andre artistar, som Donald Fagen, Ronnie Wood, Grand Funk Railroad, Diana Ross, B.B. King, Asleep at the Wheel, Cyndi Lauper, Carl Perkins, Yoko Ono, Blues Traveler, Jeff Healey, Cher, Chicago, Luba, George Clinton, Bootsy Collins, Nina Hagen, Robert Plant, Peter Criss, Scandal, Brian Wilson, Warren Zevon, Lew Soloff, Lou Marini og Earl Scruggs. I 1982 var han medlåtskrivar på «It's Raining Men» med Paul Jabara. Dette vart ein særs populær singel for The Weather Girls i 1984.

DiskografiEndra

  • 1989: Coast to Coast
  • 1993: The World's Most Dangerous Party

KjelderEndra

BakgrunnsstoffEndra