Rock Pile Peaks er ei samling fjelltoppar opp til 1110 moh. mellom Wilson Pass og Rock Pile PointBermel Peninsula ved Bowman Coast i Graham Land i Antarktis.

Rock Pile Peaks
fjellkjede
Land  Antarktis
Stad Graham Land
 - koordinatar 68°25′S 65°9′W / 68.417°S 65.150°W / -68.417; -65.150
Administrert under Antarktistraktaten
Kart
Rock Pile Peaks
68°25′00″S 65°09′00″W / 68.416666666667°S 65.15°W / -68.416666666667; -65.15
Rock Pile Peaks is located in Antarktis
Rock Pile Peaks (Antarktis)

Toppane vart fotograferte frå lufta av Sir Hubert Wilkins i 1928 og Lincoln Ellsworth i 1935, og vart grovt kartlagde frå bilete av W. L. G. Joerg i 1937. Dei vart igjen fotograferte frå lufta av U.S. Antarctic Service (USAS) i 1940 og så kartlagd av Falkland Islands Dependencies Survey i 1947. Namnet Rock Pile Peaks vart foreslått av United Kingdom Antarctic Place-Names Committee i 1952. Namnet kjem frå Rock Pile Point, eit namn som vart gjeve til Bermel Peninsula av USAS, 1939–41, men sidan flytta av Advisory Committee on Antarctic Names til det austlege neset på halvøya.

Kjelder

endre

  Denne artikkelen inneheld stoff som er offentleg eige frå United States Geological Survey-artikkelen «Rock Pile Peaks» (innhald frå Geographic Names Information System).