Opna hovudmenyen
Rock the Joint
Singel av Jimmy Preston & His Prestonians
B-side «Drinking Woman»
Utgjeve 1949
Sjanger Rhythm and Blues, rockabilly
Lengd 2:37
Selskap Gotham

«Rock the Joint», òg kalla «We're Gonna Rock This Joint Tonight», er ein boogiesong spelt inn av forskjellige proto-rock and roll-songarar. Songen er særleg kjend med Jimmy Preston og andre tidlege rock and roll-songarar, som Bill Haley. Preston sin versjon er blitt omtalt som ein av kandidatane til «den første rock and roll-songen», og Haley sin versjon blir rekna som den første rockabilly-songen.

Låtskrivarane av songen er oppført som Harry Crafton, Wendell «Don» Keane og Harry «Doc» Bagby, som var musikarar med kontrakt hos Gotham i New York, eigd av Ivin Ballen (men ein konsertversjon innspelt av Haley i 1969 for Buddah Records er tilskriven James Bracken). Songen var påverka av tidlegare R&B-songar som Wynonie Harris-songen «Good Rockin' Tonight» i 1948. Ballen gav songen til Jimmy Preston, som nyleg hadde hatt ein hit med «Hucklebuck Daddy». Versjonen til Jimmy Preston and His Prestonians vart spelt inn i Philadelphia i mai 1949 og vart gjeven ut på Gotham. Eit år seinare nådde singelen sjetteplassen på R&B-lista.

To år seinare hadde Bill Haley and the Saddlemen alt hatt suksess med sin versjon av Ike Turner-låten «Rocket 88», men såg etter ein ny hit. Dei vart overtydd av produsenten, Essex Records-eigaren Dave Miller, om å spele inn «Rock the Joint». Haley spelte inn songen i februar eller mars 1952, men skreiv eigne vers som betre passa til countrypublikummet hans, og nemnde ei rekkje hillbilly-dansar (som Sugarfoot Rag og Virginia Reel) i staden for Preston sine hucklebuck og jitterbug. Han nytta òg andre instrument på songen, og meir ekko. Særleg nytta Haley-versjonen meir perkusjonsaktig bass av Marshall Lytle og elektrisk gitar av Danny Cedrone, med eit gitarparti som han brukte om att to år seinare på «Rock Around The Clock».

Sjølv om Haley-versjonen ikkje vart ein hit då han kom på Essex Records i 1952, selde han godt nok i Chicago til at han fekk eit kort opphald ved ein jazzklubb der. Opphaldet vart kortare enn planlagt fordi mange av det svarte publikummet gjekk. Likevel var Haley-versjonen av «Rock The Joint» - tre år før «Rock Around the Clock» - ein viktig milepåle for utviklinga av rockabilly, sidan han blanda R&B og country.

Songen vart spelt inn på ny i 1957 av Haley for Decca Records, og på den tida hadde bandet hans kalla seg Bill Haley & His Comets. Songen vart gjeven ut med tittelen «New Rock the Joint», sidan originalversjonen framleis var i sal. Han spelte seinare inn songen nok ein gong for Sonet Records i Sverige i 1968 og det finst mange konsertopptak av songen.

KjelderEndra

  • Denne artikkelen bygger på «Rock the Joint» frå Wikipedia på engelsk, den 24. september 2016.
  • Jim Dawson, Rock Around the Clock: The Record That Started the Rock Revolution! (Backbeat Books, 2005).
  • John W. Haley and John von Hoelle, Sound and Glory (Dyne-American, 1990).