Rod Argent

engelsk rockemusikar

Rodney Terence Argent (fødd 14. juni 1945) er ein engelsk rockemusikar og opphavleg medlem av det engelske 60-talsbandet The Zombies[1] og 70-talsbandet Argent.[2]

Rod Argent

Fødd14. juni 1945 (78 år)
FødestadSt Albans i Hertfordshire i England
FødenamnRodney Terence Argent
OpphavStorbritannia
Aktiv1959 til i dag
SjangerRock, pop, psykedelisk rock, progressiv rock, klassisk
InstrumentKlaverinstrument, vokal
Tilknytte artistarThe Zombies, Argent, Ringo Starr & His All-Starr Band, Soraya
PlateselskapDecca, CBS
Verka somMusikar, låtskrivar

Biografi endre

Han var fødd i St. Albans i England (nær London) og han var i stor grad ein sjølvlært pianist. Han oppdaga rock & roll då han var 11 år gammal gjennom Elvis Presley-platene til syskenbarnet, men voks òg opp med klassisk musikk og jazz. Dette var med på å forme dei sofistikerte, framtidige melodiane og harmoniane som skilde han frå dei fleste andre musikarane i den britiske bølgja. The Zombies vart danna då Argent berre var 16 år gammal og dei fekk kontrakt med Decca i 1963 på grunn av låten hans «She's Not There», som vart ein hit på begge sider av Atlanteren året etter. Den andre hitten deira i USA var òg skriven av Argent, «Tell Her No» og kom ut i 1965. Trass i fleire gode singlar skrivne av anten Argent eller gitaristen Chris White, fekk ikkje the Zombies fleire hittar. Dei vart oppløyst i 1967 etter å ha laga den psykedeliske klassikaren Odessey and Oracle, og Argent danna det nye bandet Argent, med Chris White som produsent og låtskrivar (sjølv om han ikkje var bandmedlem). Bandet Argent var hovudfokuset hans sjølv etter at «Time of the Season» vart den største hitten til the Zombies i 1969, fleire år etter han var skriven.

Seinare i 1969 gav Argent ut debutalbumet deira, med ein tyngre musikkstil. Den blømande progrockrørsla gav høvet til å blande jazz og klassisk musikk med rock, som vart ei naturleg retning for Argent. Det andre albumet deira, Ring of Hands i 1971, var eit av dei mest prog-prega albuma deira med mange klaversoloar. Det var først med det tredje albumet, All Together Now i 1972 at bandet slo gjennom. Det inneheld ein hit som nådde topp 5 i USA, ein forkorta versjon av «Hold Your Head Up». Argent turnerte med stor suksess dei neste åra og spelte inn fleire album, og fekk ein liten hit med «God Gave Rock 'n' Roll to You» i 1973.

Argent vart oppløyst i 1976 og Rod sjølv byrja å spele som studiomusikar. Han spelte med the Who (Who Are You), Roger Daltrey solo, John Dankworth, Cleo Laine, Gary Moore og Andrew Lloyd Webber. I 1978 gav han ut det første soloalbumet sitt, Moving Home, og to år seinare skreiv han musikalen Masquerade, som hadde premiere i London i 1982. Etter å ha arbeidd med den britiske jazzsaksofonisten Barbara Thompson, skreiv Argent musikk for britisk fjernsyn i midten av 1980-åra og i 1987 danna han eit produksjonspartnarskap med den tidlegare Van Morrison-trommeslagaren Peter Van Hooke. I lag produserte dei plater som Tanita Tikaram sitt Ancient Heart (1988), Nanci Griffith sitt Late Night Grande Hotel (1991), Joshua Kadison sitt Painted Desert Serenade (1993) og Jules Shear sitt Healing Bones (1994), blant anna. I tillegg gav Argent ut soloalbumet Red House i 1988. TI år seinare gav han ut eit album på solopiano kalla Classically Speaking, med klassiske musikkstykke.

Soloalbum endre

  • Moving Home (1978)
  • Red House (1988)

Samarbeidsalbum endre

Klassisk musikk endre

  • Classically Speaking (1998)

Kjelder endre

  1. Richie Unterberger. «The Zombies | Biography». AllMusic. Henta 17. juli 2014. 
  2. Steve Huey (14 June 1945). «Rod Argent | Biography». AllMusic. Henta 17. juli 2014. 

Bakgrunnsstoff endre