Rodrigues

(Omdirigert frå Rodriguez)

Rodrigues er ei sjølvstyrt øy i Indiahavet som er underlagt øystaten Mauritius. Hovudstaden er Port Mathurin.

Rodrigues
Lokalt namn Rodrig, Île Rodrigues
Port Mathurin på Rodrigues.
Port Mathurin på Rodrigues.
Geografi
Stad Indiahavet

Areal 109 km²

Høgaste punkt Mt. Limon (396 moh.)

Administrasjon
Land Mauritius
Største busetnad Port Mathurin (5929 innb.)

Demografi
Folketal 36500 (2004)

Rodrigues har ein flatevidd på 108 km².[1] Ho er den austlegaste delen av øygruppa Maskarenane – ho ligg om lag 550 km aust for øya Mauritius.[1] Øya er av vulkansk opphav og er omgjeven av korallrev. Rodrigues har fått namnet sitt etter den portugisiske sjøfararen Diogo Rodrigues. Ho var truleg folketom då portugisarane slo seg ned på øya i 1507.

Rodrigues blei seinare vitja av nederlendarar og franskmenn, som enda opp med kontrollen over øya. Dei grunnla sukkerplantasjar ved hjelp av slavar frakta til øya frå Afrika. Innbyggjarane på Rodrigues er i stor grad etterkomarar av plantasjearbeidarane.

Kjelder

endre

Bakgrunnsstoff

endre
  Commons har multimedium som gjeld: Rodrigues
  1. 1,0 1,1 «Geography − location». Government of Mauritius. Henta 10. mars 2012. [daud lenkje]