Rolf Harlew Jenssen
norsk arkitekt
Rolf Harlew Jenssen (11. november 1916–20. juli 2008) var ein norsk arkitekt.
Rolf Harlew Jenssen | |
Statsborgarskap | Noreg |
Fødd | 11. november 1916 Hammerfest kommune |
Død | |
Yrke | arkitekt |
Rolf Harlew Jenssen på Commons |
Rolf Harlew Jenssen var frå Hammerfest der han budde heile livet, berre avbrote av utdanning frå 1939 til 1943. Han jobba i Hauans frå 1943 til slutten av krigen. Etter krigen fram til 1953 arbeidde han med kyrkjegjenreising. Jenssen var distriktsarkitekt i Husbanken frå 1967 til 1983, då han gjekk av med pensjon. Frå 1986 til 1993 var han igjen i arbeid for Hauans i Hammerfest fram til dei avvikla sitt arbeid i byggebransjen.
Rolf Harlew Jenssen var gift med med Gerd Mathea Jenssen (1928-2008). Foreldra var Anton Oluf Jensen (1872-1963) og Mathilde Gjertrude Jensen (f. Isaksen) (1886-1971).