Rolf Bernt Thorsen (fødd 22. august 1961) er ein norsk næringsdrivar og tidlegare roar, fødd i Zürich i Sveits. Han vart tre gongar verdsmeister i dobbeltsculler, i 1982 med Alf Hansen og i 1989 og 1994 med Lars Bjønness. Thorsen er medlem i Horten Roklubb.

Rolf Thorsen
Statsborgarskap Noreg
Fødd 22. februar 1961 (63 år)
Zürich
Idrett roing
Tok del i rowing at the 1992 Summer Olympics – men's quadruple sculls, rowing at the 1988 Summer Olympics – men's quadruple sculls, rowing at the 1984 Summer Olympics – men's double sculls
Utmerkingar Aftenpostens Gullmedalje, Thomas Keller-medaljen

Karriere

endre

Roing

endre

Thorsen vann bronse i dobbeltsculler under VM 1981, gull året etter og sølv i 1983, alle åra i par med Alf Hansen. Han deltok i Sommar-OL 1984, utan å vinne medalje, tok derimot sølvmedaljar i dobbeltfirar ved VM 1987 og under sommarleikane 1988 i Seoul. I 1989 vann han gullmedalje i dobbeltsculler saman med Lars Bjønness ved verdmeisterskapen i Bled. Under Sommar-OL 1992 kopierte Noreg og Thorsen sølvprestasjonen i dobbeltfirar frå førre Sommar-OL. Sidan sikra Thorsen og Bjønness sølv i dobbeltsculler ved VM 1993, før dei avslutta medaljefangsten med VM-gull 1994 i samebåttypen. Thorsen vann 9 nordiske meistertitlar og 11 NM-gull i perioden 1982–95, ni av desse i singlesculler. Han vart tildelt 7 kongepokalar og i 1989 Morgenbladets gullmedalje. Thorsen la opp som aktiv i 1996 og var visepresident 1996–2000 og president 2000–2010 i Norges Roforbund.

Thorsen er anleggsingeniør og har vore administrerande direktør i NCC Property Development AS.

Kjelder

endre

«Rolf_Thorsen» i Store norske leksikon, snl.no.