Bled (tysk Veldes) er ein turistby ved Bledsjøen (på tysk Veldeser See, slovensk Blejsko jezero) i den nordvestlege delen av Slovenia, nokre få kilometer sør for grensa til Austerrike, og om lag 50 kilometer nordvest for hovudstaden Ljubljana. Byen Bled hadde 5.164 innbyggarar i 2002, det administrative området hadde om lag 11.300 innbyggarar.

Bled ved Bledsjøen

Turismen starta for alvor med dei første badeanlegga i 1895.

Øya i Bledsjøen med Mariakyrkja

Mariakyrkja

endre

Mariakyrkja ligg på ei lita øy ute i Bledsjøen.

Bledborga

endre

Bledborga røyser seg 139 m over Bledsjøen på den nordlege sida av sjøen. Borga skriv seg frå mellomalderen, og har blitt ombygd etter jordskjelv i 1511 og 1690. Den vart restaurert mellom 1951 og 1961. Her er no museum og restaurant.

Kjelder

endre

Bakgrunnsstoff

endre
  Wikimedia Commons har multimedia som gjeld: Bled