Rollsbottskorka

(Omdirigert frå Rollsbotnskorkja)

Rollsbottskorka (eller Rollsbotnskorkja, Rollsbotnskorka) er eit fjell i Møre og Romsdal. Det ligg mellom Tresfjorden i Vestnes kommune i nord, Jasvollbotnen i Fjord kommune i sør, og hovuddalføret Stordalen i aust. Enklaste rutene til toppen går opp frå Jasvollbotnen, men det er kortare å gå opp frå nordsida. Dit kjem ein enten ein startar frå Øvstedalen i Tresfjorden eller frå Øverøye i Stordalen. Eit bratt parti ved toppen kan vere utsett. Frå nord og vest ser Rollsbotnskorkja spiss og bratt ut, frå søraust får fjellet ei meir runda form. Om fjellnamnet; sjå Heimste Skorkja.

Rollsbottskorka
fjell
Rollsbottskorka t.v. sett frå Ørastolen i søraust. Litleskorkja til høgre for denne.
Land  Noreg
Område Fjord, Vestnes (Møre og Romsdal)
Fjellkjede Halvøya mellom Romsdalsfjorden
og Storfjorden
Høgd 1 333 moh.
Primærfaktor 315 m
Kart
Rollsbottskorka
62°26′47″N 7°09′44″E / 62.44635°N 7.16217°E / 62.44635; 7.16217

Kjelder endre