Rolv Straume

norsk lærar, ordførar og lokalhistorikar

Rolv Straume (3. august 188225. februar 1982)[1] var ein norsk lærar, ordførar og lokalhistorikar.

Rolv Straume
Statsborgarskap Noreg
Fødd 3. august 1882
Gimsøy
Død

25. februar 1982 (99 år)

Yrke lærar, politikar, lokalhistorikar

Straume var fødd i Gimsøy i Lofoten son av lærar Morten Edvard Robertsen-Strømme og Andrea Martinussen. Han gifta seg i 1908 med Andrea Aleksandra Haagensen (17.06.1889-31.12.1970),[2][3] ho var dotter til Kristian Haagensen og Ellen Andersen. Dei fekk 3 barn.

Liv og virke

endre

Rolv Straume gjekk ut av Tromsø lærarskole i 1903.

Rolv Straume var lærar i Balsfjord frå 1903-1904, deretter i Buksnes i Lofoten 1904-1913. Til Bø i Vesterålen kom han som lærar i 1913, og her var han fram til 1945. Han var også klokkar ved Bø kyrkje frå 1920 til 1945.

Rolv Straume var med både i ungdomslag og mållag. Han var formann i Buksnes ungdomslag i mange år. Og han var også kasserar i Hålogaland lærarmållag.

Rolv Straume var aktivt med i lærarorganisasjonane. Han var formann i Buksnes lærarlag i fleire år, og han var også lærarane sin representant i Buksnes skolestyre. Han var også styremedlem i Lofoten og Vesterålens krinslærarlag. Straume var formann i Bø lærarlag 1912-1923 og 1926-35. Frå 1931 til 1934 var han formann i Bø skolestyre.

Rolv Straume var formann i Bø arbeidarparti 1914-1923 og 1933-37. Frå 1932 til 1940 var han medlem av Bø heradstyre, og frå 1935 til 1940 var han ordførar i Bø herad. Han var også medlem i likningsnemnda, forliksrådet, styret for trygdekassa, og styret for Vesterålens Kraftlag.

Bø bygdebok

endre

Då Rolv Straume gjekk av med pensjon, starta han med å samle inn stoff til ei bygdebok. Og i 1957 var han ferdig med det som skulle bli tre bøker. Men det tok enno nokon år før bøkene kom ut i 1962-1964.[4]

Utmerkingar

endre

Utgjevingar

endre
  • Rolv Straume: Bø bygdebok, bind 1. Utgitt av Bø kommune, Tromsø 1962. 557 sider (Nynorsk) nb.no
  • Rolv Straume: Bø bygdebok, bind 2. Utgitt av Bø kommune, Tromsø 1963. 499 sider (Nynorsk) nb.no
  • Rolv Straume: Bø bygdebok, bind 3. Utgitt av Bø kommune. Stokmarknes Aktietrykkeri [1964]. 583 sider (Nynorsk) nb.no
  • Fleire artiklar i Håløygminne[7] og Hofdasegl.[8]

Referansar

endre
  1. Lofotposten, lørdag 27. februar 1982
  2. «Andrea Aleksandra Straume - Døde 1951 - 2014 - Digitalarkivet», www.digitalarkivet.no (på norsk), henta 15. januar 2021 
  3. «Nasjonalbiblioteket», www.nb.no, henta 15. januar 2021 
  4. «Bø bygdebok ferdig», Lofotposten, torsdag 22. oktober 1964
  5. Nordlandsposten, tirsdag 31. oktober 1972
  6. Lofotposten, torsdag 7. desember 1978
  7. «HÅLØYGMINNE», hminne.no, henta 15. januar 2021 
  8. «Nasjonalbiblioteket», www.nb.no, henta 15. januar 2021 

Kjelder

endre