Roman Sjukhevitsj

Roman Sjukhevitsj (17. juli 19075. mars 1950), også kjend under dekknamnet Taras Tsjuprynka, var ein ukrainsk politisk og militær leiar. Han leidde mellom anna opprørshæren UPA.

Roman Sjukhevitsj
Verkeleg namn (ukrainsk Роман Йосипович Шухевич - Roman Josypovytsj Sjukhevytsj)
Statsborgarskap Sovjetunionen
Fødd 30. juni 1907
Krakovets
Død

5. mars 1950 (42 år)
Lviv

Yrke motstandskjempar, militær, politikar
Språk ukrainsk
Politisk parti Organisasjonen av Ukrainske Nasjonalistar, Ukrainian Military Organization, Organisasjonen av ukrainske nasjonalister (Bandera-bevegelsen)
Religion Kristne, Den gresk-katolske kirke
Ektefelle Natalia Berezynska-Shukhevych
Roman Sjukhevitsj på Commons

Sjukhevitsj var òg leiar i gruppa Nachtigall, ein bataljon av den tyske Wehrmacht som var bemanna av ukrainarar.

I oktober 1941 vart han nestkommanderande i den 201. bataljonen av Det ukrainske Hjelpepolitiet (kalla Schutzmannshaft av tyskarane), som frå mars 1942 deltok i operasjonar mot partisanane i Kviterussland.

Frå desember 1943 var han øvstkommanderande i UPA. Han døydde i kamp mot sovjetiske politistyrkar (MGB) i 1950.

Sjukhevitsj er ein omstridd person i Ukraina. Nokre ser på han som nasjonalhelt og fridomskjempar, medan andre reknar han som ein medhjelpar for fascistane i organisasjonar knytt til massakrar på polakkar og jødar.[1] I 2007 blei han utnemnd til ein Helt av Ukraina av president Viktor Jusjtsjenko. Etter fleire runder i rettssystemet blei tildelinga erklært ulovleg av høgsteretten i Ukraina, ettersom Sjukhevitsj aldri hadde vore statsborgar i landet.[2]

Kjelder

endre