Den ukrainske opprørshæren

(Omdirigert frå UPA)

Den ukrainske opprørshæren UPA (Українська повстанська армія) var ein ukrainsk geriljahær skipa 14. oktober 1942 i Volhynia. UPA var den militære delen av Organisasjonen av Ukrainske Nasjonalistar (OUN). Leiarane var Roman Sjukhevitsj og Stepan Bandera.

Den ukrainske opprørshæren
Skipa14. oktober 1942
Ideologiukrainsk nasjonalisme, antikommunisme
Medlemmer30 000, 40 000
Oppløyst1954

UPA var særleg aktive i kampen mot sovjetiske partisanar, og i kampen mot desse voks UPA, og var aktiv i mestedelen av det vestlege Ukraina. Åtak frå tyske fly tvinga dei kommunistiske partisanane til å dele seg i mindre grupper, og da gjekk UPA til åtak på desse og drap mange, særleg i Karpatane.

Da Den raude hæren avanserte vestover i kampen mot Hitler-Tyskland sin hær, retta UPA åtak mot sovjetiske funksjonærar på alle nivå, både offiserar, politifolk, skulelærarar og postmenn. Også den ortodokse kyrkjeleiaren Oleksij og den pro-sovjetiske forfattaren Jaroslav Halan vart drepne av UPA-medlemmer.

UPA dreiv òg ein systematisk terror-kampanje mot den polske befolkninga i grenseområda, ein kampanje for etnisk reinsing. Talet på offer for denne terroren er uklart, men kan vere over 100 000. Den polske Heimehæren svara delvis med same mynt, mot ukrainske sivile.

UPA spela ifølgje Encyclopaedia of the Holocaust òg ei rolle i jødeutryddinga i Ukraina, sjølv om forsvararane deira nektar for det. Det er vanskeleg å vite akkurat kor mange jødar UPA myrda, sidan ukrainske paramilitære deltok i fleire samanhengar – i Det ukrainske Hjelpepolitiet, den gruppa som kalla seg Bandera SB, sjølve UPA, osv. Ofte var dei same mennene aktive i fleire av desse. Den politiske delen av rørsla, OUN, vedtok på kongressen sin i 1941 ei fråsegn der det heiter at «jødane i Sovjetunionen er dei mest trufaste støttespelarane til bolsjevikregimet og fortroppen for moskovittisk imperialisme i Ukraina». Det er ingen tvil om at OUN og UPA ville ha ein mest mogleg mono-etnisk ukrainsk stat.

Etter at Ukraina vart sjølvstendig i 1991, har tilhengarar av UPA prøvd å få organisasjonen anerkjend, med krigspensjon for veteranane, minnesmerke og paradar. Ukrainske veteranar frå Den raude hæren har sett seg kraftig imot dette. Den «vestvennlege» presidenten i Ukraina Viktor Jusjtsjenko støtta ei oppvurdering av UPA og likestilling av dei med sovjetiske veteranar.

Kjelder endre