Rombaken

fjord i Narvik i Nordland

Rombaken (samisk Ruoppat) er ein fjordarm på sørsida av Herjangsfjorden og Ofotfjorden i Narvik kommune i Nordland. Fjorden strekkjer seg om lag 22 km austover til enden av Rombaksbotn.

Fjorden har innløp mellom Øyjordneset i nord og Karistranda like aust for byen Narvik i sør. Grenda Øyjorda ligg like ved Øyjordneset. Lenger inne i fjorden ligg grendene Trældal og Fagerjorda på kvar si side. Ved sundet Straumen kryssar E6 fjorden via Rombaksbrua. E6 går på begge sider av den ytre delen av fjorden. Innover frå Straumen skiftar fjorden namn til Rombaksbotn.

Ofotbanen går langs heile sørsida av fjorden.