Rombaksbrua

Rombaksbrua er ei hengebru som kryssar fjorden Rombaken i Narvik kommune i Nordland. Brua er 765 meter lang, med lengste spenn 325 meter og seglingshøgd 41 meter. Rombaksbrua vart opna 26. september 1964, og er ein del av europaveg 6. Brua med tilkomstvegar avløyste ferjestrekninga mellom Narvik og Øyjord, som hadde som hadde vore i drift sidan 1927.

Rombaksbrua
Rombak Bridge.jpg
Typehengebru
StadNarvik kommune
Opna26. september 1964
StrekningEuropaveg 6
Største spenn325 m
KryssarRombaken
Utforminghengebru
Maks. vekt90 tonn

Rombaksbrua
68°26′29″ N 17°42′19″ E

Det vert no arbeidd med planar for ei ny, lang bru mellom Narvik og Øyjord - Hålogalandsbrua. Rombaksbrua har ei vektgrense på 90 tonn, og vegen nordom Rombaksbrua er rasfårleg. Ei ny bru vil fjerne problemet med vektgrensa, men den rasfarlege delen vil framleis vere del av E10. Brua vil òg gjere vegen ein del kortare og ein vil spare 12 - 15 minutt på strekninga Narvik- Bjerkvik. Av det som talar mot Hålogalandsbrua er at ho vil verte 1,55 kilometer lang, med eit fritt spenn på 1350 meter (Noregs lengste), og koste svært mykje (minst 3 milliardar 2008-kroner inkludert tilknytingsvegar og tunellar for å kople henne til vegnettet). Det er truleg at flyplassen i Narvik vil verte nedlagd om brua vert bygd. Difor er det enno helst usikkert om brua vil verte bygd.

Sjå ògEndra

KjelderEndra