Romsdalsmarsjen var ein turmarsj som vart arrangert med start på Setnesmoa ved Veblungsnes i Rauma kommune. Romsdalsmarsjen vart arrangert 31 gonger kvart år ved jonsoktider frå 1979. Det siste året marsjen vart arrangert var i 2010. Marsjen vart arrangert over to dagar og ruta gjekk oppover Romsdalen. Lengdene var 5, 12 eller 21 km kvar dag.

På det meste hadde marsjen fleire tusen deltakarar kvart år og var såleis ein av dei store i Noreg. Rauma Røde Kors hjelpekors var arrangør.

Både Isfjordsmarsjen og Vengjedalsmarsjen gjekk på same tida slik at tilreisande deltakarar kunne delta i alle tre turmarsjane.

Kjelder endre

Bakgrunnsstoff endre