Romsonden Deep Impact

Deep Impact er ein NASA-sonde som blei skoten opp 12. januar 2005. Hovudmålet med sonden var å styrta ein nedslagssonde på 370 kg inn i kometen 9P/Tempel (òg kalla Tempel 1) medan modersonden observerte materialet som blei kasta opp av nedslaget og danna eit krater.[2] Den 4. juli same år blei det kontrollerte nedslaget gjennomført med suksess. Like etter nedslaget oppstod det eit sekundlangt lyst glimt før ei lys og smal sky av kometmateriale skaut i vêret.[3]

Bilete teke av modersonden like etter at nedslagssonden trefte komet Tempel 1.[1]

Nedslagssonden, som var utstyrt med eige batteri og kamera, tok fleire bilete før han slo ned. Det siste biletet blei teke berre rundt tre sekund før nedslaget, ca. 30 kilometer over kometoverflata, og kunne visa overflatetrekk mindre enn fire meter på tvers.[4]

Utvida ferd endre

I 2007 fekk Deep Impact-sonden to nye oppdrag som går under fellesnamnet EPOXI:

I deloppdrag éin (EPOCh) skal sonden observera lys motteke ifrå stjerner som ein kjenner til at det går planetar i bane rundt. Sonden skal leita etter spor av månar og ringar rundt planetane og sjå etter fleire planetar. Sonden skal òg observera jorda som om han var ein ekstrasolar planet for å enklare kunna tyda observasjonar av jordlike planetar i andre solsystem.[5]

I deloppdrag to (DIXI) skal sonden vitja kometen Hartley 2 som ikkje har blitt studert i detalj før. Opphavleg skulle sonden vitja komet Boethin, men då astronomane ikkje var i stand til å finna kometen slik at ein kunne setja rett kurs for sonden, valde ein komet Hartley 2 i staden. Grunnen til at Boething ikkje kunne observerast kan vera at kometen har desintegrert og at dei gjenverande restane er for små til at dei kan bli observerte ifrå jorda. Sonden skal passera Hartley 2 i 2010 den 11. oktober.[6]

Galleri endre

Sjå òg endre

Kjelder endre

  1. PIA02141 - NASA Photojournal
  2. «Deep Impact - First look inside a comet» Arkivert 2007-02-03 ved Wayback Machine. - PDF-dokument frå prosjektet si heimesida
  3. «Moment of Impact» - biletteksten til PIA02131 hos NASA Photojournal
  4. «NASA's Deep Impact Generates Its Own Spectacular Photo Flash» NASA-pressemelding (4. juli 2005). Vitja 20. juni 2008.
  5. «NASA gives two successful spacecraft new assignments». 3. juli 2007. Henta 20. juni 2008. 
  6. «NASA Sends Spacecraft on Mission to Comet Hartley 2» - Offisiell NASA-pressemelding (13. desember2007). Vitja 20. juni 2008.
  7. PIA02127 - NASA Photojournal
  8. PIA02129 - NASA Photojournal
  9. PIA02137 - NASA Photojournal

Bakgrunnsstoff endre