Romssa Arena[2], tidlegare kjend som Alfheim stadion, er eit fotballstadion i Tromsø og heimebana til fotballaget Tromsø IL. Arenaen ligg på sjølve Tromsøya.

Romssa Arena

Adresse Idrettsbygget, Stadionveien 3
9007 Tromsø
Eigar Tromsø IL
Drift Tromsø IL
Brukarar Tromsø IL, TIL 2020, IF Fløya (fotball)
Underlag Kunstgras
Kapasitet 6 859[1]
Arkitekt Bjørn Bygg AS
Pris 53,8 millionar
Historiske årstal
Påbegynt
1985
Opna
1987
Stengd
Vestsida av Romssa Arena

Fotballbana måler 110 x 70 meter, og var rekna som den største grasbana i Noreg. Det var òg innsydd kunstgras i sjølve grasmatta for å forsterke underlaget. I midten av 2006 blei det lagt kunstgras på heile Alfheim stadion.

På austsida av arenaen er det oppført eit nytt forretningsbygg som blant anna inneheld klubbhus, møterom og kurs- og konferanselokale. Publikumsrekorden er 10 225 frå ein kamp mot Rosenborg i 1990. Det er vurdert å bygge ut kortsidene på Romssa, ettersom dei for augneblinken ligg under standarden i tilhøve til resten av anlegget.

Arenaen hadde til 29. mars 2023 namnet Alfheim Stadion før namnet blei endra til Romssa Arena. Romssa er nordsamisk for Tromsø.[3]

Kjelder

endre
  1. «Fakta Alfheim stadion». til.no. Tromsø IL. 16. april 2012. Henta 14. mai 2012. 
  2. «Nå skal Tromsø IL spille på Romssa Arena». TIL.no. 29. mars 2023. 
  3. Aarsæther, Aslaug; Skoglund, Kari Anne; Skeie, Torgeir (29. mars 2023). «Alfheim stadion får samisk navn». NRK Troms. Henta 29. mars 2023.