Tromsøya
Tromsøya (nordsamisk Romssasuolu) er ei øy i sundet mellom fastlandet og Kvaløya i Tromsø kommune i Troms og Finnmark. Tromsø sentrum ligg aust på øya, og store delar av folkesetnaden i byen bur spreidd kringom på øya. Tromsø lufthamn Langnes ligg på vestsida, og øya er knytt til Tromsdalen på fastlandet med Tromsøbrua og Tromsøysundtunnelen og til Kvaløya med Sandnessundbrua.
Tromsøya | |||
øy | |||
Land | ![]() | ||
---|---|---|---|
![]() Tromsøya | |||
Wikimedia Commons: Tromsøya | |||
Øya er på 22,39 km² og kring 10 km lang frå nord til sør. Høgaste punkt er Varden, 159 moh., nord på øya. Midt oppe på øya ligg innsjøen Prestvannet, som vart demma opp i 1867. Det er område med skog langs høgdedraget som går i nord-sørretning. Både Universitetet i Tromsø, Universitetssykehuset Nord-Norge og Tromsø Museum har tilhald på den austlege delen av øya.
FolkesetnadEndra
Tromsøya er den folkerikaste øya i Noreg, etter å ha passert Hinnøya. Ho hadde 38 980 innbyggjarar 1. januar 2017,[1] fordelt på fem statistiske delområde:
- Tromsø 6 784
- Sommerlyst 7 283
- Nordre Tromsøya 7 477
- Mortensnes 9 046
- Søndre Tromsøya 5 498
Delområdet Tromsø består av sentrum og området rundt. Sommerlyst og Mortensnes omfattar vestsida av øya.