Romulus og Remus
Romulus og Remus er eit tvillingpar og grunnleggjarane av Roma i romersk mytologi. Namnet Romulus tyder 'romar'.[1]
Romulus og tvillingbroren Remus var søner av guden Mars og Rhea Silvia, som var dotter av Numitor, den avsette kongen i Alba Longa. Tronrøvaren Amulius, broren til Numitor, fekk Rhea Silvia fengsla og gutane kasta i elva. Dei blei redda av ein ho-ulv, som gav dei mjølk.[2] Deretter blei dei fostra opp av gjetaren Faustulus og kona hans.[1]
Etter at dei voks opp gav dei Numitor makta tilbake i Alba Longa og grunnla byen Roma. Under ei usemje blei Remus drepen. Deretter blei Romulus den første kongen av Roma.[2]
Kjelder
endre- ↑ 1,0 1,1 Roberts, John RobertsJohn (1. januar 2007). Roberts, John, red. «Romulus» (på engelsk). Oxford University Press. ISBN 9780192801463. doi:10.1093/acref/9780192801463.001.0001/acref-9780192801463-e-1943.
- ↑ 2,0 2,1 «Romulus og Remus». Store norske leksikon (på norsk). 29. oktober 2018.