Opna hovudmenyen

Ron Geesin

britisk komponist og musikar

Ronald 'Ron' Geesin (fødd 17. desember 1943) er ein britisk musikar og komponist, kjend for dei besynderlege og uvanlege lydbileta. Han er truleg mest kjend for å ha dirigert og arrangert Pink Floyd sin «Atom Heart Mother» i 1970, etter at bandet sjølv hadde sete seg fast og ikkje klarte å fullføre stykket. Geesin samarbeidde òg med Roger Waters på den uvanlege filmmusikken til Music from «The Body», der dei sampla lydar frå menneskekroppen. Ron Geesin spelte piano med 'The Original Downtown Syncopators, eit Dixieland-band som etterlikna 'Original Dixieland Band' i 1960-åra.

Ron Geesin
Fødd17. desember 1943
Stevenston i Ayrshire i Skottland
FødestadNorth Ayrshire
FødenamnRonald Geesin
OpphavStorbritannia
Aktiv1960-åra til i dag
SjangerAvant-garde, eksperimentell rock, musique concrète, symfonisk rock
Instrumentpiano
Tilknytte artistarPink Floyd
PlateselskapHeadscope
Verka sommusikar, komponist, pianist

KarriereEndra

Etter det første soloalbumet hans, A Raise of Eyebrows, i 1967, starta Geesin eit plateselskap, Headscope, der han gav ut As He Stands, Patruns og Right Through av han sjølv. I 1971 produsert ehan Songs for a Gentle Man av Bridget St John. Mange av dei elektroniske komposisjonane hans vart nytta som musikk for ITV sine fjernsynssendingar for skular og universitet i 1970- og 1980-åra.

I 1990-åra gav Headscope ut eit par plater, Funny Frown og Bluefuse, der moderne teknologi vart blanda med tilfeldige lydar. I 1994 gav Cherry Red Records ut Hystery, ei samleplate frå karrieren hans. I 1995 gav Cleopatra Records ut Land of Mist, ei samling av instrumental stemningar. I 1995 gav See For Miles Records ut dei to første albuma hans på CD. Headscope følgde i 2003 med CDen Right Through - and Beyond, det siste albumet hans på vinyl.

DiskografiEndra

KjelderEndra

BakgrunnsstoffEndra