Ron «Pigpen» McKernan
amerikansk songar
(Omdirigert frå Ron McKernan)
Ronald C. «Pigpen» McKernan (8. september 1945–8. mars 1973) var eit av medlemmane som grunnla Grateful Dead. I tillegg til å synge spelte han Hammondorgel, munnspel, perkusjon og stundom gitar. I 1994 vart Pigpen innlemma i Rock and Roll Hall of Fame i lag med resten av bandet.
Ron «Pigpen» McKernan | |||
| |||
Fødd | 8. september 1945 San Bruno i California i USA | ||
---|---|---|---|
Fødestad | San Bruno | ||
Død | 8. mars 1973 (27 år) Corte Madera i California | ||
Dødsstad | Corte Madera | ||
Fødenamn | Ronald Charles McKernan | ||
Alias | Pigpen | ||
Opphav | USA | ||
Aktiv | 1959–1973 | ||
Sjanger | Blues, psykedelisk rock, rock | ||
Instrument | Klaverinstrument, munnspel, perkusjon, gitar | ||
Tilknytte artistar | Grateful Dead Mother McCree's Uptown Jug Champions The Warlocks | ||
Verka som | Musikar, låtskrivar |
McKernan døydde 8. mars 1973 etter lang tids alkoholmisbruk.
Kjelder
endre- Denne artikkelen bygger på «Ron "Pigpen" McKernan» frå Wikipedia på engelsk, den 6. februar 2011.