Rorkult er eit stag festa til roret på båtar og små skip som tillet rorkaren å svinga og setta fast roret i ein bestemt posisjon[1]. Rorkulten, som oftast er av tre, er festa til roret med eit kraftig jarnbeslag.

Rorkult på jekta «Sara Kjerstine» som vert låst ved å senka han ned i spor i ei list på toppen av vengen.
Foto: Olve Utne
Fastsurra rorkult.

Rorkulten kan låsat i ein bestemt posisjon ved å binda han fast eller ved å legga han ned i eit hakk i ei liste som ligg under han.

Referansar endre

  1. A. Klepp, Nordlandsbåter og båter fra Trøndelag. Norske båter bind IV, Grøndahl & søn forlag AS, 1983.

Sjå òg endre