Veng på skip
overbygg i hekken på eit mindre skip
Veng på eit skip syner til eit overbygg, eller kahytt, i hekken på eit mindre skip, som til dømes ei jekt, jakt, galeas, osb.[1] Det var ofte skipperen og styrmannen som heldt til i vengen. Når storfolk, som prestar og futar, var passasjerar fekk dei òg plass i vengen. På større skip kunne vengen vera så stor at heile mannskapet fekk plass der. Vengen var då som oftast del i to rom, slik at skipper og styrmann fekk sitt eige «vengkammer». Det var som oftast omn i vengen, der ein koka mat og kaffi.
Galleri
endre-
Inne i vengen på «Holvikjekta», som er ei stor jekt.Foto: Gunnar Eldjarn
-
Vengen på vengbåten «Nidaros».Foto: Andreas Vartdal
-
Vengen, med styre, på jekta «Anna Karoline»
Referansar
endre- ↑ B. Pedersen, Jekta - Eventyrets farkost, Museumsforlaget, 2019.