Eit roroskip (fokorting for roll-on–roll-off) er ei nemning på ein skipstype som har ein konstruksjon der rullande last kan køyrast ifrå kaia og direkte ombord og av skipet igjen. Det kan vera bilar, lastebilar, bussar, båtar på hengar, anleggsmaskiner, jernbanevogner, – men òg stykkgods som vert lasta med gaffeltruck eller ved hjelp av ein trailer og då ofte i kombinasjon med gaffeltruck. Dette kan gjelda ferjer så vel som reine lasteskip. Bilferjer kan òg definerast som roroskip.

Eit skip med baugport (MS «Christian IV» i Kristiansand 2006).
Ein dobbel akterport.

Tidlegare hadde enkelte tilfelle av denne skipstypen store portar i baugen som gjekk nesten ned til vasslinja. Denne typen er vurdert som ein risikabel konstruksjon. Dersom porten vart utett og vann trong seg inn i lasterommet, vil det i sjøgang samla seg vatn på dekket som raskt kan flytta seg frå side til side og skapa ustabilitet med ein mogleg kantring sin-konsekvens. Dette skjedde med MV «Princess Victoria» i 1953 der 132 menneske omkom, MS «Herald of Free Enterprise» i 1987 der 193 menneske omkom og «Estonia» i 1994 der 852 menneske omkom.

På nyare roroskip er rampen plassert atter på skipet, og nokon skip har sideramper.

Bilskip endre

Bilskip eller bilfrakteskip er ei form for roroskip som vert hovudsakleg brukt for å transportera nye bilar frå bilprodusenter til bilmarkedene i dei ulike landa rundt i verda.[1]

Referansar endre

  1. VG (6. februar 2009): Bilskip blir flytende parkeringshus, hentet 23. februar 2012