Koordinatar: 55°41′8.4″N 12°34′38.2″E

Rosenborg slott er eit slott i Kongens Have i København. Det er bygt etter ordre frå Kristian IV 1606-1607. Fyrst var Rosenborg eit lysthus, men med utvidingar i 1613-1615, 1616-1624 og igjen i 1633 vart det det slottet vi kjenner i dag. Dette var bustad for skiftande kongar fram til 1710. Det er oppført i nederlandsk renessansestil, som er typisk for byggverka på den tida.

Rosenborg slott

I dag er det eit kulturhistorisk museum, De Danske Kongers Kronologiske Samling, som fortel historia til dei danske kongane gjennom 300 år, frå Frederik II1500-talet til Frederik VII1800-talet, og er heimstad for dei danske kronregaliene og kronjuvelane, som ein òg kan sjå der.

Slottet er freda.[1]

Kjelder Endra

  1. «Rosenborg» (på dansk). Slots- og Kulturstyrelsen. Henta 12. september 2016. 

Bakgrunnsstoff Endra