Renessansearkitektur

Renessansearkitektur stammar frå perioden mellom byrjinga av 1400- og tidleg 1600-tal i ulike delar av Europa. Han omfatta ei medviten innhenting og vidareutvikling av visse delar av gresk og romersk tenking og materiell kultur. Som stilperiode følgde renessansearkitekturen etter den gotiske arkitekturen og blei etterfølgd av barokkarkitekturen.

Renessanseslottet Château de Chambord i Frankrike.

KjenneteiknEndra

 
Frå Basilica di San Lorenzo i Firenze, som var teikna av Filippo Brunelleschi.

Renessansestilen legg vekt på symmetri, geometri og regelbundne delar, slik som dei framståår i antikk arkitekturen, særleg romersk arkitektur, som det finst mange døme igjen av. Regelbundne arrangement av søyler, pilastrar og vindaugebjelkar, bruk av halvsirkelforma bogar, halvrunde kuppelkvelv og nisjar ertatta dei meir komplekse proporsjonelle systema og uregelmessige profilane som var blitt nytta i dei mellomalderske gotiske bygga.

Renessansearkitekturen blir fyrst utvikla i Firenze, med Filippo Brunelleschi som ein av innovatørane. Renessansestilen spreidde seg sidan raskt til andre italienske byar og sidan til Frankrike, Tyskland, England, Russland og andre land.

I NordenEndra

I Sverige finn ein i dag særleg slottsbygg i renessansestil, og då særleg slott som blei bygde eller ombygde av den då herskande Vasaætta, som Kalmar slott, Vadstena slott og Gripsholms slott. Det finst òg att adelege som Ekenäs slott. Det blei reist eit fåtal svesnke kyrkjebygg i denne stilen, eit døme er Mariestad domkyrkje. I Noreg er Rosenkrantztårnet i Bergen og Austrått i Ørland viktige renessansebygg. Elles er det att mange kirkjeinventar i renessansestil.[1]

Malmöhus eller Malmöhus slott er eit slott med mellomaldersk opphav som ligg i Malmö. Det blei oppført mellom 1526 og 1539, og er dermed det eldste bevarte renessanseslottet i Norden.

GalleriEndra

Sjå ògEndra

KjelderEndra

  1. Storsletten, Ola; Gunnarsjaa, Arne (28. februar 2022). «renessansen – arkitektur». Store norske leksikon (på norsk bokmål). 

BakgrunnsstoffEndra

  Commons har multimedium som gjeld: Renessansearkitektur