Rossi-kodeksen er eit manuskript frå 1300-talet som inneheld mykje kjeldemateriale for tidlegmusikk frå den tida.

Foliant 31r av Rossi-kodeksen, frå Ostiglia-fragmentet. Trecento-madrigalen som blir vist er «In un broleto, al'alba».

For tida er manuset delt i to, og den største bolken kan finnast i Vatikanet, medan ein mindre bolk er i Ostiglia. Kodeksen inneheld 37 musikkstykke, sekulære songar, som trecento-madrigalar, cacciaer og ballataer. Musikkvitskapleg er manuskriptet forvitneleg av di dette er den største einskilde samlinga med verdslege songar frå 1300-talet, og ei svært verdefull kjelde. Manuskriptet hadde originalt 32 foliantar, og av desse er det no atten tilbake.

Rossi-kodeksen har namnet sitt frå Giovan Francesco de Rossi, som hadde hand om manuskriptet i lang tid. Enkja etter han gav manuskriptet frå seg til jesuittordenen i 1857, og det vart teke vare på i Linz, før det vart teke til Wien. Jesuittane gav samlinga til Vatikanet i 1922. Etter denne tida har det vore gjennomstudert av musikkvitarar, og innhaldet vart gjort kjend.

Kvar Rossi fekk manuskriptet frå, har vore mykje drøfta. Før 1842 er det få spor etter det. Han skal ha fått det i ein bokhandel i Venezia, men det skal ha vore i eiga til kardinal Domenico Capranica1400-talet. Det er ikkje noko i kodeksen som tyder på at Collegio Capranica har ått boka etter kardinalen (men så er og mange sider borte).

Ein annan lut av kodeksen vart funnen i Ostiglia i 1963. Desse foliantane ser ut til å ha vore nytta som bokomslag av seinare forleggjarar, men tekne vare på.