Ballata (fleirtal ballate) er nemninga på ei italiensk dansevise, og ei poetisk form som var vanleg på 1300-talet (trecento-tida) og utover 1400-talet. Ordet skriv seg frå verbet ballare, som tyder 'dans'.

Den musikalske forma på ballataen er AbbaA, der første og siste strofe har same teksta. Ballataen er nærskyldt den franske virelaien, som var nytta på same tida. Første A er kalla ein Ripresa, b-linene kallast Piedi (føter), mens den vesle a-en før ripresaen er kalla ein volta (vending). Voltaen hadde snudd om på versmønsteret frå Piedo-linene rett føre, slik at det oppstod krossrim.

Lengre ballataer tok oppatt mønsteret fleire gonger. Motsett Virelaien var det same tonesettinga til båe b-linene. Seinare ballataer vart meir like virelaien og tok opp i seg franske stildrag.

På 1300-talet var ballataen den mest kjende sekulære songforma i Italia. Han er mykje nytta av Giovanni Boccaccio, som avsluttar kvar dag av Dekameronen med ein dansa ballata. Ein av desse songane finst framleis att, med musikk av Lorenzo da Firenze. Tidlege ballate hadde berre ei stemme, slik som i Rossi-kodeksen. Seinare ballate var skrivne for to eller tre stemmer.

Den mest kjende komponisten innanfor sjangeren er Francesco Landini. Andre framtredande komponistar er Andrea da Firenze, Bartolino da Padova, Johannes Ciconia og Zacara da Teramo. Utover på 1400-talet vart ballataen mindre nytta, men Guillaume Dufay skreiv nokre ballate, og han var den siste som gjorde dette. Ballataen gjekk med tida opp i frottolaen. Poetisk vart ballataen avløyst av barzellettaen.

Kjelder endre