Rosyth Castle er ruinane av ei borg frå 1400-talet ved Rosyth Naval Dockyard i Fife i Skottland.

Rosyth Castle

Kart
Rosyth Castle
56°01′25″N 3°25′54″W / 56.0235°N 3.43156°W / 56.0235; -3.43156

Borga stod opphavleg på ei lita øy i Firth of Forth, som berre var tilgjengeleg ved lågvatn. Ho vart bygd som bustad for sir David Stewart, som hadde fått baroniet Rosyth i 1428. Det opphavlege tårnhuset vart utvida på 1500-talet og tidleg på 1600-talet.

I 1572 vart borga angripen frå Blackness Castle på sørsida av Firth of Forth og vart så okkupert i 1651 av Oliver Cromwell etter slaget ved Inverkeithing.

Borga vart verande busetnad for Stewart fram til ho vart seld seint på 1600-talet til David Drummond frå Invermay. Ho kom til slutt til jarlen av Hopetoun og frå 1700-talet kom h ut av bruk. Frå den tida vart store delar av murverket nytta andre stader og dei fleste bygningane vart øydelagde. Berre tårnet og den nordlege muren står i dag att.

Marinen tok over eigedomen i 1903, og øya vart ein del av skipsverftet like ved.

Kjelder endre

56°1′38″N 3°26′12″W / 56.02722°N 3.43667°W / 56.02722; -3.43667