Rotatorkappa (også kalla rotatormansjetten eller rotatorcuffen) er ei gruppe musklar og sener som bidreg til å stabilisere skuldra.[1][2] Dei fire musklane i rotatorkappa er supraspinatusmuskelen, infraspinatusmuskelen, den vesle runde akselmuskelen og subskapularismuskelen.[1][2] Desse utgjer meir enn halvparten av dei sju musklane i skulderbladet og overarmen. Musklane i kappa er viktige for skulderrørsle og for å istandhalde stabiliteten til glenohumeralleddet (skulderleddet). Musklane har utspring i skulderbladet og har feste i humerushovudet (caput humeri), og former dimed ei kappe over skulderleddet.

Musklane på ryggsida av skulderbladet og triceps brachii

Sener i utkanten av musklane kan rivne (rotatormansjettruptur) som følgje av slitasje og føre til smerte og nedsett rørsleevne.[1] Det er oftast supraspinatussenen under skulderhøgda som blir råka av denne typen skade.

Sjå òg endre

Kjelder endre

  1. 1,0 1,1 1,2 «Rotatorkappen, skade». Norsk Helseinformatikk (nhi.no). Norsk Helseinformatikk AS. 30. november 2015. Arkivert frå originalen 20. desember 2016. Henta 26. oktober 2016. 
  2. 2,0 2,1 Holck, Per (6. februar 2015). «rotatormansjett». Store medisinske leksikon. Store norske leksikon. Henta 26. oktober 2016. 
  Denne anatomiartikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.