Musculus teres minor

Musculus teres minor (frå latin teres – «rund», minor - «liten»), på norsk somtid òg kalla den vesle runde muskelen, er ein rund og tynn skuldermuskel som går frå lateralkanten på skulderbladet til den store beinknuten på overarmsbeinet. Han er innervert av n. axillaris som kjem direkte fra armnerveflettverket plexus brachialis og utoverroterer, adduserer og stabilierer overarmsbeinet.

Musculus teres minor
Frå baksida ser ein korleis m. teres minor (i raudt) ligg samanlikna med dei andre musklane som bind overekstremiteten til ryggsøyla.
Norsk namn Den vesle runde muskelen
Gray's subject #123 441
Utspring Den laterale skulderbladskanten, margo lateralis scapulae.
Feste    Den store beinknuten på overarmsbeinet, tuberculum majus.
Arterie
Nerve N. axillaris frå plexus brachialis.
Rørsle Utoverrotasjon av overarmsbeinet, adduksjon og stabilisering av overarmen.

Han er ein av dei fire musklane i skuldermansjetten. Han er òg med på å forme den bakre aksillefolden saman med m. latissimus dorsi og m. teres major. I tillegg er han den øvste begrensinga ved det laterale og mediale aksillehòlet.

Fleire bilete endre

Sjå òg endre

Bakgrunnsstoff endre

  Denne anatomiartikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.