Rotbergsjøen, òg kalla Mellom Røgden, er ein innsjø som ligg i Grue kommune i Hedmark.

Rotbergsjøen
innsjø
Land Flag of Norway.svg Noreg
Fylke Hedmark
Kommune Grue
Tilsig Rotbergsåa
Utløp Løvhaugsåa
Høgd over havet 331 moh
Areal 5,27 km²
Kystlengd1 20,5 km
Koordinatar 60°29′54″N 12°32′32″EKoordinatar: 60°29′54″N 12°32′32″E
1 Kystlengd er eit unøyaktig mål som kanskje ikkje er standardisert for denne artikkelen.

Det finst fleire gode badestrender rundt Rotbergsjøen. Rundt sjøen har det tidlegare vore finnetorp. Det er gjort fleire steinalderfunn rundt sjøen som består av såkalla beinknusarar, flint, kvartsreiskapar og andre pil- og spydrestar.

Hovudinnløpet er Rotbergsåa og kjem frå Fallsjøen i nord. Utløpet er Løvhaugsåa som renn sørover og inn i Røgden.