Rotfruktopptakar er ei jordbruksmaskin som haustar rotfrukt, som nepe, sukkerroer o.l. Dei fleste maskinane fjernar kålen og toppen medan rotfrukta står i jorda, rett før dei blir tekne opp. Etter at kålen er fjerna blir rotfruktene løfta ut av jorda av skiver som skjer seg ned i jorda. På nokre maskinar går rotfruktene vidare inn på eit transportbelte, som fører dei vidare. Om beltet er glissent vil mykje av jorda ramla av om ho er tørr. Andre maskiner fører rotvekstane over roterande transpotskruvar, eller dei blir førte over roterande korger. Om jorda er våt vil mykje av jorda fylgja med og det kan vera naudsynt å vaska rotfruktene før levering. Våt jord er i alle høve ei ulempe, etter som dei store maskinane lett kan siga nedi og setta set fast.

Grimme rotfruktopptakar i arbeid. Denne maskina har frontmontert kålknusar og ein sjølve opptakaren, som tek opp sek srenner, er bakmontert.
Desse skivene går inn under rotfrukta og løftar ho opp og inn på transportbeltet som er synleg i bakkant.
Gjennomskjering av ein sjølvgåande rotvekstopptakar.

Eldre maskiner hadde ofte ein evelator som transporterte dei ferdig reinska rotfruktene over i tilhengaren til ein traktor som kjørte ved sida av opptakaren. På moderne maskiner er det meir vanleg at rotfruktene blir samla opp i ein behaldar på masskina og så tippa over i ein tilhengar når behaldaren er full.

Storleiken på maskinane varierer frå maskiner som tek opp merre ei rand i gongen til maskiner som tek opp 6 eller 9 renner i gongen[1]. Dei minste opptakarane blir nytta av dei som dyrkar i liten skala, kanskje til eigen buskap, medan dei største maskinene, som er kostbare, ofte blir kjøpt av entreprenørar som tek på seg haustinga for mange dyrkarar.

Referansar

endre
  1. Bell, B., Farm machiney, 4. utg., Farming Press, 1996.