Rother i East Sussex
Rother (opphavleg kalla «Limen») er ei elv i East Sussex og Kent i England. Ho har kjelde nær Rotherfield i East Sussex, og renn derfrå mot aust, og munnar ut i Den engelske kanalen søraust for byen Rye. Rother er 56 km lang, og har eit nedbørfelt på 970 km². Den største sideelva er Brede.
Rother | |||
elv | |||
Utsikt frå byen Rye mot sør, med Rother til venstre og sideelva Tillingham midt i biletet. Elvene renn saman i venstre billetkant.
| |||
Land | England | ||
---|---|---|---|
Grevskap | East Sussex, Kent | ||
Nedslagsfelt | 970 km² | ||
Lengd | 56 km | ||
Kjelde | Rotherfield | ||
Rother i East Sussex 50°55′46″N 0°46′23″E / 50.929438°N 0.773184°E | |||
Plasseringa til Rother i forhold til andre elver i Kent
| |||
Wikimedia Commons: River Rother (Eastern) |
Elva er farbar for båtar nedstraums frå Bodiam Castle. Deretter følgjer slettelandet i Rother Levels, der havet rekte inn i tidlegare tider. Nord for elva ligg Isle of Oxney og ved Rye ligg Walland Marsh langs austbreidda. Elva er farbar med kano og kajakk heilt opp til landsbyen Etchingham.
Kjelder
endre- Denne artikkelen bygger på «Rother (øst)» frå Wikipedia på bokmål, den 6. juli 2011.