Rottungen

innsjø i Nordmarka i Oslo

Rottungen er eit vatn i Nordmarka i Oslo kommune. Vatnet er regulert 2 meter, og ligg då 310 meter over havet, mellom Bjørnsjøen i vest og Gåslungen i aust. Den nordlege delen av vatnet vert kalla Rottungrumpa. Nedslagsfeltet er ikkje særleg stort, tilsiget kjem frå mindre bekkar i nord, vest og sør, medan avløpet er i aust ved Gåslungen gard. Det er fleire gode teltplassar ved vatnet, som er lett tilgjengeleg. Det går skogsbilveg forbi vatnet, mot Skjærsjøen og Maridalen i sør, og mot Movatn i aust.

Rottungen

Kjelder endre

Bakgrunnsstoff endre