Roud Folk Song Index

Roud Folk Song Indeks er ein database med kring 250 000 referansar til nesten 25 000 songar som vert inn samla frå munnleg tradisjon innan den engelsktalande verda. Han er kompilert av Steve Roud, ein tidlegare bibliotekar frå Croydon i London.[1]

Steve Roud, skaparen av Roud Folk Song Indeks, foreles på universitetet i Cambridge i mars 2014.

Rouds indeks er ein kombinasjon av trykte kjelder frå før 1900 og dessutan ei mengd lydopptak. Databasen inneheld òg alle kjelder som blei nytta av Francis James Child (The English and Scottish Popular Ballads) og inneheld opptak frå 1900 til 1975. Fram til byrjinga av 2006 var databasen tilgjengeleg gjennom eit abonnement på CD-plater, men no er han tilgjengeleg på internett.[2][3]

Formål

endre

Hovudformålet med databasen er å nytta han som forskingshjelp som korrelerer versjonar av tradisjonelle engelskspråklege folkesongtekster. Desse er blitt dokumenterte dei siste hundreåra av fleire ulike personar i Storbritannia og Nord-Amerika. Det er mogleg å søkja i databasen, til dømes etter tittel, førstelinje eller temaet (eller ein kombinasjon) for å finna ein særskild versjon av ein viss song.

Databasen er erkjend som eit "signifikant indeks" av English Folk Dance and Song Society[4] og var ein av de første artiklane som blei publisert på nettstaden av Vaughan Williams Memorial Library i 2006.

Kjelder

endre
  1. «Library and archive». The English Folk Dance and Song Society (på engelsk). Henta 16. september 2019. 
  2. «Search and browse tips». The Vaughan Williams Memorial Library (på engelsk). Henta 16 september 2019. 
  3. «The Vaughan Williams Memorial Library». The Vaughan Williams Memorial Library (på engelsk). Henta 16. september 2019. 
  4. «The English Folk Dance and Song Society». The English Folk Dance and Song Society (på engelsk). Henta 16. september 2019. 

Bakgrunnsstoff

endre