Round Hill på Heardøya

ås på Heardøya

Round Hill er ein isfri, rund ås (380 moh) som ligg på sørsida av Fairchild Beach og mellom Comptonbreen og Brownbreen på nordaustsida av Heardøya. Vestover frå den sandete Fairchild Beach ved foten av Round Hill kjem ein til den klipperike Gilchrist Beach.

Round Hill
ås
Land  Australia
Stad Heardøya
 •  høgd 380 moh.
 - koordinatar 53°4′S 73°38′E / 53.067°S 73.633°E / -53.067; 73.633
Kart
Round Hill
53°04′00″S 73°38′00″E / 53.0667°S 73.6333°E / -53.0667; 73.6333
Kart som viser Round Hill på Heardøya.
Kart som viser Round Hill på Heardøya.
Kart som viser Round Hill på Heardøya.

Åsen vart grovt kartlagd under Challenger-ekspedisjonen i 1874. Han vart kartlagd og gjeven det skildrande namnet av ANARE (Australian National Antarctic Research Expeditions) i 1948.

Kjelder

endre

  Denne artikkelen inneheld stoff som er offentleg eige frå United States Geological Survey-artikkelen «Round Hill på Heardøya» (innhald frå Geographic Names Information System).