Rouse Islands eller Rouse Rocks er ei lita øygruppe i den austlege delen av Holmevika, ved kysten av Mac. Robertson Land like sør for Welch Island. Det høgaste punktet på Rouse Islands ligg 28 meter over havet. Rouse Islands vart oppdaga 13. februar 1931 av British Australian and New Zealand Antarctic Research Expedition (BANZARE) under Sir Douglas Mawson, som namngav dei etter E. J. Rouse frå Sydney, som gav fotografisk utstyr til ekspedisjonen. Mawson trudde det berre var ei enkel øy, men det vart sidan funne ut at det var snakk om to øyar.[1]

Rouse Islands
øy
Land  Antarktis
Stad Antarktis
 - koordinatar 67°34′48″S 62°57′0″E / 67.58000°S 62.95000°E / -67.58000; 62.95000
Høgaste punkt
 •  høgd 28 moh.
Folketal 0
Administrert under Antarktistraktaten
Kart
Rouse Islands
67°35′S 62°57′E / 67.58°S 62.95°E / -67.58; 62.95
Rouse Islands is located in Antarktis
Rouse Islands (Antarktis)

Sjå òg

endre

Kjelder

endre