Rovaniemi bibliotek

Rovaniemi hovudbibliotek (finsk Rovaniemen pääkirjasto) er regionsbiblioteket for Lappland i Finland. Den noverande bibliotekbygningen er utforma av den kjende arkitekten Alvar Aalto.[1]

Rovaniemi bibliotek

ArkitektAlvar Aalto
Stilmodernistisk arkitektur
Kart
Rovaniemi bibliotek
66°29′47″N 25°43′22″E / 66.49633°N 25.72264°E / 66.49633; 25.72264

Sjølve biblioteket blei grunnlagd i 1860,[1] men den noverande bygningen stod ferdig i 1965.[2] Saman med konserthuset og kongressenteret i byen, som òg var laga av Aalto, er det bygd for å skapa eit kulturelt og borgarleg senter i Rovaniemi.

Biblioteksbygget er spesielt utforma for å utnytta lyset frå den lågthengande arktiske sola,[1] og har fleire plan. Det er dekt med keramikkfliser på utsida og inneheld i tillegg til boksamlinga eit musikkbibliotek, eit museum og eit lite auditorium.

Interiøret i bygget er utforma etter tenkemåtar Aalto utvikla allereie i samband med bygginga av Viborg bibliotek. Lesesalane er plassert lågare enn resten av biblioteket. Planet for utlån er spreidd ut som ei opa vifte, slik at bibliotekarane har utsyn over heile området. Det kjem inn naturleg lys frå dei høge lanterneliknande vindauga.

Kjelder

endre
  1. 1,0 1,1 1,2 «The regional Library of Lapland» (på engelsk). Henta 5. desember 2023. 
  2. «Rovaniemen hallinto- ja kulttuurikeskus (Rovaniemi administrative and cultural centre)». RKY.fi (på finsk). Finnish Heritage Agency. Henta 6. oktober 2020. 

Bakgrunnsstoff

endre