Roxen
Roxen er ein innsjø i Linköping kommun og Norrköping kommun i Östergötland. Han ligg ca. 32 moh og har eit areal på 97 km². Roxen er ein næringsrik, grunn innsjø, noko som blir gjenspegla av det særs rike fuglelivet. Innsjøen er 8 m på det djupaste, noko som fører til at bølgjene på Roxen blir særs krappe (korte og høge), noko mange seglarar har fått oppdage i hardt vêr. I vest er innsjøen ca. 6 km brei, og møter Motala ström, Svartån og Stångån med Kinda kanal, i den sørlegaste vika nord for Linköping. Mot aust smalnar Roxen av til ei langstrakt vik. Frå austenden av denne vika, ved Norsholm, fortset Motala ström nordover mot innsjøen Glan.
Roxen | |||
innsjø | |||
Land | Sverige | ||
---|---|---|---|
Tilsig | Motala ström, Svartån, Stångån | ||
Utløp | Motala ström | ||
Høgd over havet | 32 moh. | ||
Areal | 97 km² | ||
Største djupn | 8 m | ||
Koordinatar | 58°30′N 15°41′E / 58.500°N 15.683°E | ||
Roxen 58°31′00″N 15°40′00″E / 58.516666666667°N 15.666666666667°E | |||
Wikimedia Commons: Roxen |
Göta kanal går gjennom innsjøen frå Norsholm til Berg i Linköping.
Eit 42 km² stort område av den vestlege delen av Roxen har sidan 19. november 2001 blitt verna under Ramsarkonvensjonen.[1] Den raudlista fiskearten asp lever i sjøsystemet.
Kjelder
endre- Denne artikkelen bygger på «Roxen» frå Wikipedia på bokmål, den 13. juni 2012.
- Wikipedia på bokmål oppgav desse kjeldene:
- ↑ Information Sheet on Ramsar Wetlands – Västra Roxen ride/3SJÅ051ein.pdf[daud lenkje]