Roy Cochran
Roy Cochran, fullt namn LeRoy Braxton Cochran, (6. januar 1919–28. september 1981) var ein USA-amerikansk friidrettsutøvar, fødd i Richton i delstaten Mississippi, som vart olympisk meister på 400 meter hekk i 1948, der han også vann OL-gull i 4 x 400 meter stafett.
Roy Cochran | |
Statsborgarskap | USA |
Fødd | 6. januar 1919 Richton |
Død |
26. september 1981 (62 år) |
Yrke | friidrettsutøvar |
Høgd | 178 centimeter |
Roy Cochran på Commons |
Roy Cochran vart AAU-meister på 440 yards hekk i 1939 med den sterke tida 51,9 sekundar. Under den andre verdskrigen gjorde han krigsteneste i Stillehavet, etter krigen studerte han fysiologi ved University of Southern California.
OL-sesongen 1948 vann Cochran dei nasjonale OL-uttaka på langhekken på tida 51,7 og han vart også for andre gong USA-meister. Under sommarleikane i London sprang han inn til ein suveren gullmedalje på 400 meter hekk, med tida 51,1 sekundar slo han sølvvinnaren Duncan White med heile sju tidels sekund. Ei veke seinare vann han OL-gull nummer to då han tok seg av den tredje etappen for USA i 4 x 400 meter stafett, saman med Arthur Harnden, Cliff Bourland og ankermann Mal Whitfield viste Cochran det franske laget til andreplass, over fire sekundar bak.
Kjelder
endre- Denne artikkelen bygger på «Roy Cochran» frå Wikipedia på engelsk, den 22. juli 2018.